Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget med fordjuping i høvellastproduksjon
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem og gjennomføre arbeid i tråd med gjeldande krav for helse, miljø og sikkerheit
- risikovurdere produksjonsprosessen, gjennomføre ein sikker jobb-analyse og rapportere om uønskte hendingar
- planleggje og arbeide etter teikningar, beskrivingar, preaksepterte løysingar og toleransekrav og vurdere arbeidet med tanke på arbeidsoppdraget, kostnadseffektiviteten og miljøet
- gjere greie for framstilling av trelast- og limtreprodukt og drøfte forskjellane i produksjonsmetodar
- ta imot, handtere og lagre råvarer og materialar og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
- vurdere og dokumentere eige arbeid i samsvar med spesifikasjonar
- setje i drift, styre og overvake framstilling av ulike produkt, vurdere konsekvensar av produksjonstempo, verktøyslitasje og endringar i materialkvalitet og setje i verk tiltak
- vurdere behovet for vedlikehald av utstyr, setje i verk tiltak og reflektere over kva faktorar ved vedlikehald som sikrar drifta og produktkvaliteten
- kontrollere produktmerking, pakke, emballere og kvalitetssikre ulike typar produkt og vurdere kva faktorar som vernar produkta mot ytre påkjenningar
- innhente produksjonsrapportar og reflektere over kor viktig det er å dokumentere produksjonsprosessen
- bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som medverkar til å minimere miljøavtrykk og sikre effektiv ressursutnytting
- kjeldesortere, handtere avfall etter gjeldande regelverk, vurdere om gjenbruk er mogleg, og reflektere over konsekvensar av feilhandtering
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har og reflektere over krav og forventingar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensar av støy, støveksponering og bruk av kjemikaliar
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- kontrollere fukt, dimensjon og kvalitet på trelasta ut frå produksjonsordren
- stille inn maskiner og verktøy etter spesifikasjon, dele opp trelasta og vurdere korleis dimensjon på og plassering av produktet påverkar sluttresultatet
- sortere og kappe ferdige produkt og drøfte kva faktorar som påverkar kvaliteten på høvellasta og bruksområdet
- forbehandle og overflatebehandle trelasta og vurdere korleis val av behandlingsprodukt- og metodar påverkar sluttresultatet
- stille inn maskiner, høvle trelasta og reflektere over kva faktorar som påverkar produktet
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingen kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.