Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om energieffektiv produksjon og om å velje råstoff ut frå miljøomsyn og berekraftig ressursutnytting. Vidare handlar det om å medverke til berekraft gjennom å utnytte biprodukt, handtere avfall og vurdere gjenbruk av produkt. Det handlar òg om å vurdere produkt, materiale og prosessar kritisk ut frå økonomiske, miljømessige og sosiale konsekvensar knytte til berekraftig utvikling.