Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget handlar om å framstille trelastprodukt og komponentar i limtre som inngår i bygningar, bruer, interiør og trevarer. Faget medverkar til at lærlingane får kompetanse i å utnytte råstoff, framstille trelastprodukt, tilarbeide limtre og kombinere limtrekomponentar med andre materialar og produkt. Det handlar vidare om å utnytte skog og trevirke som ei kjelde til råstoff. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar til å framstille treprodukt som gir varige og miljøvennlege og energieffektive konstruksjonar og sikrar estetisk uttrykk.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget skal bidra til engasjement når lærlingane framstiller trelastprodukt med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Kritisk tenking og etisk medvit blir fremja gjennom val av berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg vere med på å fremje respekt for naturen og miljøet. Vidare skal faget bidra til at lærlingane får kunnskap om kva pliktar og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og om trepartssamarbeidet der arbeidsgivarane, arbeidstakarane og styresmaktene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. Gjennom dialog og refleksjonar om krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap får lærlingane auka forståing for verdien av kulturelt mangfald i bygg- og anleggsbransjen.