Vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget (TLT03‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget inneber å kunne lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å kunne bruke fagterminologi i kommunikasjon med andre, reflektere over og drøfte moglege val og løysingar og tilpasse kommunikasjonen til mottakaren og formålet.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget inneber å bruke fagterminologi til å utforme tekstar tilpassa mottakaren og formålet. Det inneber òg å kunne utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, og å rapportere og dokumentere arbeid.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget inneber å kunne finne og vurdere informasjon i ulike tekstar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, bruksrettleiingar, regelverk, standardar og toleransestandardar. Det inneber òg å kunne samanlikne, tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget inneber å kunne å hente ut, beskrive og tolke informasjon frå talmateriale. Vidare inneber det å kunne berekne lengd, areal, volum og vekt knytte til arbeidsoperasjonen. Det inneber òg å kunne berekne radiusar, vinklar og prosentar og å bruke målestokk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 trelast- og limtreproduksjonsfaget inneber å bruke digitale ressursar til å rapportere, dokumentere og kommunisere. Vidare inneber digitale ferdigheiter å søkje etter og innhente informasjon og vurdere kor truverdig informasjonen er. Det inneber òg å vurdere si eiga rolle på nettet og utøve god digital dømmekraft.