Vg2 tømrar (TMF02‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 tømrar handlar om å utvikle kompetanse i å byggje nye bygningar og byggje om eksisterande bygningar. Programfaga skal gjere elevane i stand til å byggje trekonstruksjonar og konstruksjonar i samansette materiale, stål og lettmetall. Programfaga handlar også om å forstå bygningsfysikk og fuktmekanikk i bygningar og konstruksjonar. Programfaga bidreg til samfunnet gjennom å utvikle elevane sin kompetanse til å byggje og rehabilitere bygg som gir varige og miljø- og energieffektive konstruksjonar, tek vare på kulturarven og sikrar estetisk uttrykk. Programfaga skal bidra til å dekkje behovet i arbeidslivet for effektive fagarbeidarar som tek ansvar for eiga og andre si sikkerheit.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 tømrar skal bidra til skaparglede og engasjement ved at elevane byggjer, held ved like og rehabiliterer bygningar med varige miljø- og energieffektive eigenskapar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at elevane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting og gjenbruk av materiale vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Identitet og kulturelt mangfald blir fremja gjennom at elevane får diskutere og reflektere over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap i bygg- og anleggsbransjen.