Vg2 tømrar (TMF02‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 tømrar handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å byggje, halde ved like og rehabilitere bygningar og konstruksjonar med tanke på helsefremjande inneklima. Faget bidreg til å byggje konstruksjonar for brukarar i ulike livssituasjonar og fremjar folkehelse i eit livslangt perspektiv.
Berekraftig utvikling
I vg2 tømrar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om materiale og produksjonsmetodar som gir energieffektive og varige konstruksjonar. Vidare handlar det om å bruke utstyr med tanke på å vareta det indre og ytre miljøet. Det handlar også om å gjenbruke materiale og handtere avfall på ein måte som minimerer belastninga på miljøet.