Vg2 tømrar (TMF02‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Konstruksjonar og klimaskal: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Vindauge, dører og innvendig arbeid: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Materialeigenskapar, varmeisolering og tetting: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Konstruksjonar og klimaskal, vindauge, dører og innvendig arbeid og materialeigenskapar, varmeisolering og tetting: Eleven skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen der dei felles programfaga inngår. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Konstruksjonar og klimaskal: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Vindauge, dører og innvendig arbeid: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Materialeigenskapar, varmeisolering og tetting: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Konstruksjonar og klimaskal, vindauge, dører og innvendig arbeid og materialeigenskapar, varmeisolering og tetting: Privatisten skal opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.