Vg3 treskjerarfaget (TSK03‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 treskjerarfaget handlar om å forme, skjere ut og utsmykke gjenstandar, ornamentalt og skulpturelt, i materialet tre. Arbeidet blir utført manuelt, hovudsakleg med eggverktøy, basert på handverksteknikkar og heilskapstenking omkring forma på det som skal lagast. Treskjeraren skjer i tradisjonelle stilartar og med eigne uttrykksformer. Gjennom praktisk arbeid, val og bruk av material, verktøy, maskiner og gamle og nye handverksteknikkar utviklar lærlingane handlag og innsikt i skapande arbeidsprosessar, nyskapande uttrykksformer og eigenarten til faget. Faget skal førebu yrkesutøvere som kan nyskape, produktutvikle, reparere og restaure ulike arbeid innan treskjering på oppdrag for eit breitt spekter av private og offentlege kundar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 treskjerarfaget skal bidra til utvikling av produkt med utgangspunkt i berekraft, kvalitet, kultur og historie. Lærlingane skal oppleve meistring og finne sin eigen faglege identitet gjennom å utvikle handlag og reflektere over handverksutføringa i arbeid med treskjeringsprodukt. Faget vidarefører tradisjonell handverkskunnskap og tek vare på ressursar for framtida. Videre bidreg faget til å skape respekt og forståing for kultur- og naturarv, og på dette grunnlaget kan ein utvikle nye løysingar. Faget skal òg bidra til å gi lærlingane kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og om betydninga av trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle faget og eit betre arbeidsliv.