Vg3 treskjerarfaget (TSK03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 treskjerarfaget inneber å lytte til og gi respons i spontan og førebudd samtale. Det inneber òg å bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar, leverandørar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar og å tilpasse kommunikasjonen til mottakar og formål. Lærlingane utviklar munnlege ferdigheiter når dei drøftar, reflekterer og presenterer produkt og metodar åleine og i fellesskap.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 treskjerarfaget inneber å bruke fagspråk til å utforme tekstar tilpassa mottakar og formål. Det inneber òg å lage arbeidsbeskrivingar og å presentere og dokumentere arbeidsprosessar gjennom tekst og visualiseringar til kundar, kollegaer, leverandørar og andre samarbeidspartnerar. Vidare inneber det å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar, byggje opp argumentasjon og revidere eigne tekstar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 treskjerarfaget inneber å finne og vurdere informasjon i faglitteratur, ulike tekstar, arbeidsbeskrivingar, teikningar, bilete og illustrasjonar. Det inneber òg å samanlikne, tolke informasjon og trekkje faglege slutningar ut frå kjent og ukjent fagstoff. Vidare inneber det å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 treskjerarfaget inneber å hente ut, beskrive og tolke informasjon frå eit talmateriale. Det inneber òg å bruke og arbeide med informasjonen for å forstå og vise samanhenger og å samanlikne og presentere resultat på ulike måtar. Vidare inneber det å måle opp, berekne storleikar og konstruere og rekonstruere former. I tillegg inneber det å gjere økonomiske berekningar i samband med pristilbod.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 treskjerarfaget inneber å bruke digitale ressursar i planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av eige arbeid, og å innhente informasjon og å kommunisere og presentere eige arbeid. Digitale ferdigheiter inneber vidare å vurdere, arbeide med og samanstille informasjon, vere kjeldekritisk og vise til kjelder. Det inneber òg å utvikle etisk medvit og å vise digital dømmekraft ved å følgje reglar og normer.