vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 elektro og datateknologi handlar om å utvikle grunnleggjande kompetanse til å utføre arbeid på dagens og framtidas elektriske system. Vidare handlar programfaga om å utvikle elevane sin kompetanse knytt til data- og kommunikasjonsteknologi og elektriske installasjonar, maskiner og anlegg. Programfaga handlar òg om å byggje, drifte og vidareutvikle elektriske anlegg for å møte framtidige samfunnsbehov.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 elektro og datateknologi skal stimulere til nysgjerrigheit, kreativitet og skaparglede gjennom utforskande arbeid med komponentar, kretsar og utstyr. Gjennom heilskaplege elektrofaglege yrkesoppgåver bidreg programfaga til meistring og refleksjon kring eigen yrkespraksis og identitet som elektrofagarbeidar i eit likeverdig og inkluderande fellesskap. Programfaga på vg1 elektro og datateknologi skal leggje til rette for samarbeid uavhengig av kjønn og kultur. Vg1 elektro og datateknologi skal bidra til kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.