vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Elektroniske kretsar og nettverk: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Energi- og styresystem: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Elektroniske kretsar og nettverk: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Energi- og styringssystem: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Eksamen for privatistar
Elektroniske kretsar og nettverk: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Energi- og styresystem: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Elektroniske kretsar og nettverk og energi- og styresystem: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.