vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)
Kjerneelement
Komponentar, kretsar og utstyr
Kjerneelementet komponentar, kretsar og utstyr handlar om å rekne på og utføre målingar på elektriske og elektroniske kretsar og å kunne anvende utstyr og komponentar i heilskaplege system. Det handlar òg om å kunne programmere utstyr og komponentar.
Yrkesutøving
Kjerneelementet yrkesutøving handlar om å bruke ulike arbeidsmetodar, verktøy og materiale. Det handlar vidare om å bruke tileigna kompetanse til å gjere val i arbeidet og vurdere resultatet. Vidare handlar det om å kommunisere faglege forklaringar og dokumentere utførte arbeidsoppgåver. Kjerneelementet handlar òg om dei forventningane som blir stilte til ein yrkesutøvar i elektrofaget. Kjerneelementet handlar òg om trygge arbeidsrutinar for å unngå farlege situasjonar.
Energi og miljø
Kjerneelementet energi og miljø handlar om ulike former for produksjon, overføring og lagring av elektrisk energi. Det handlar vidare om energieffektiviserande tiltak i elektriske installasjonar, utstyr og maskiner. Kjerneelementet handlar òg om korleis produksjon, bruk og avfallshandtering av produkt og komponentar påverkar klima og miljø.
Kommunikasjons-, el- og maskinsikkerheit
Kjerneelementet kommunikasjons-, el- og maskinsikkerheit handlar om å anvende regelverk for å unngå skade på liv, helse og materiell. Kjerneelementet inneber òg å sikre datainformasjon og informasjons- og kommunikasjonssystem.