Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter produksjon og historieforteljing
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- produsere og kommunisere innhald innanfor ulike sjangrar tilpassa visuelle og auditive medium
- utvikle og presentere bodskapar tilpassa ulike målgrupper og kanalar
- utforske og bruke komposisjonsprinsipp for å sikre god lesbarheit tilpassa bodskap og målgruppe
- velje og bruke verkemiddel, typografi og layout som passar til ulike bodskapar, og reflektere over kva effekt dei har på bodskapen
- bruke teknikkar for idéutvikling, kreativitet og historieforteljing i produksjon
- utforske og bruke forteljeteknikk og dramaturgi i eigne produksjonar
- utøve kjeldekritikk og etisk refleksjon og anvende relevante regelverk i eigen produksjon
- utforske korleis interaktivitet i historieforteljing kan brukast for å skape engasjement og nye uttrykk, og bruke dette i eigen produksjon
- utforske og tileigne seg kunnskap om endringar innanfor teknologi og programvare ved å bruke ulike kjelder
- gjere greie for korleis medium kan påverke meiningane våre, korleis vi oppfattar andre, og korleis andre oppfattar oss
- forstå korleis teknologi og sikkerheit kan påverke opne og demokratiske prosessar, og reflektere etisk omkring korleis teknologi kan påverke desse prosessane
- gjere greie for og vurdere korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i produksjon og historieforteljing når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i produksjon og historieforteljing. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i produksjon og historieforteljing ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i produksjon og historieforteljing baserte på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.