Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Produksjon og historieforteljing: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Teknologiforståing: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Konseptutvikling og programmering: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Produksjon og historieforteljing: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Teknologiforståing: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Konseptutvikling og programmering: Eleven skal ikkje opp til eksamen.
Eksamen for privatistar
Produksjon og historieforteljing: Privatisen skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Teknologiforståing: Privatisen skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Konseptutvikling og programmering: Privatisten skal opp til éin skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Produksjon og historieforteljing, teknologiforståing og konseptutvikling og programmering: Privatisten skal opp til éin tverrfagleg praktisk eksamen i desse felles programfaga. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.