Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon handlar om korleis teknologi, kommunikasjon og design pregar og utviklar samfunnet. Programfaga skal bidra til at elevane utviklar praktiske ferdigheiter, teknisk forståing og kreativitet innanfor design, historieforteljing og programmering. Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon skal førebu elevane på eit samfunn og arbeidsliv i utvikling ved å gi dei kompetanse innanfor informasjonsteknologi, kommunikasjon og medieproduksjon.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon skal bidra til at elevane får utfalde skaparglede, engasjement og kreativitet gjennom arbeid med programmering, historieforteljing og design. Vidare skal programfaga bidra til å utvikle kritisk tenking og etisk medvit om korleis teknologi og medium er med på å påverke samfunnet. Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.