Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Kjerneelement
Etikk, lovverk og yrkesutøving
Kjerneelementet etikk, lovverk og yrkesutøving handlar om å reflektere over korleis lovverk og etiske spørsmål påverkar yrkesutøvinga. Vidare handlar kjerneelementet om forståing for kommunikasjon, personvern og bruk av teknologi og kva konsekvensar dette har for samfunnet og individet. Kjerneelementet handlar òg om sjølvstende, gode samarbeidsevner, relasjonsbygging og forståing for yrkesutøving.
Teknologi og metode
Kjerneelementet teknologi og metode handlar om forståing for korleis ulike teknologiar og bransjefaglege metodar er bygde opp, korleis dei verkar, og kva moglegheiter dei gir. Kjerneelementet handlar òg om å utvikle praktiske ferdigheiter knytte til bruk av teknologi og metode. Dette omfattar forståing for val, bruk og utvikling av teknologi og metode.
Kommunikasjon og historieforteljing
Kjerneelementet kommunikasjon og historieforteljing handlar om å skape meining og om å forstå og bli forstått. Vidare handlar kjerneelementet om forståing for relasjonar, mellommenneskeleg kommunikasjon og historieforteljing. Kjerneelementet handlar òg om kompetanse i å tilpasse kommunikasjon til ulike kundar, brukarar, målgrupper, kanalar og teknologiar.
Design og kreativitet
Kjerneelementet design og kreativitet handlar om nysgjerrigheit og skaparglede. Vidare handlar kjerneelementet om forståing for utviklingsprosessar, funksjon, tekniske løysingar og praktiske ferdigheiter. Kjerneelementet handlar òg om å utvikle gode brukaropplevingar og god infrastruktur.