Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter konseptutvikling og programmering
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- anvende regelverk for bruk og formidling av innhald i eigen produksjon og reflektere over ansvar og etikk i samband med bruk og formidling av innhald i eigen produksjon
- utforske og beskrive samanhengar mellom løysingar, behova til kunden og kva føresetnader og erfaringar brukarane har
- bruke programmering til å løyse praktiske utfordringar og til å fortelje interaktive historier
- utforske og anvende verktøy for datamodellering i oppbygging av databasar
- bruke oppmerkingsspråk og stilsett i ulike produksjonar
- visualisere og utvikle konsept og idear tilpassa ulike plattformer
- beskrive korleis teknologi behandlar data, algoritmar og statistikk
- bruke prinsipp for feilsøking og retting i arbeid med programmering
- bruke dokumentasjon og dokumentere faglege prosessar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i konseptutvikling og programmering når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i konseptutvikling og programmering. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i konseptutvikling og programmering ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i konseptutvikling og programmering basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.