Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter utvikling

  • vurdere fordelar og ulemper ved ulike programmeringsspråk og velje og nytte relevante programmeringsspråk og algoritmar i eige arbeid
  • lage og grunngi funksjonelle krav til ei IT-løysing basert på behovskartlegging
  • vurdere brukargrensesnitt til IT-tenester og designe tenester som er tilpassa behova til brukarane
  • gjere greie for formålet med teknisk dokumentasjon og utarbeide teknisk dokumentasjon for IT-løysingar
  • beskrive og nytte relevante versjonskontrollsystem i utviklingsprosjekt
  • designe og implementere IT-tenester med innebygd personvern
  • analysere digitale truslar, verdiar og sårbarheiter og utvikle applikasjonar med innebygd sikkerheit
  • nytte relevant testmiljø og utføre testing tilpassa IT-løysinga som blir utvikla
  • modellere og opprette databasar for informasjonsflyt i system
  • beskrive ulike datalagringsmodellar og metodar for å hente ut og setje inn bestemte data frå databasar som blir brukte av andre system

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering