Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Tverrfaglege tema
Demokrati og medborgarskap
I vg2 informasjonsteknologi handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om korleis datasikkerheit er ein føresetnad for ein open samfunnsdebatt og tillit til demokratiet. Vidare handlar det om forståing av korleis ulike tenester og algoritmar påverkar informasjonen vi har tilgjengeleg, og korleis teknologi kan brukast og misbrukast.
Berekraftig utvikling
I vg2 informasjonsteknologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om medvit om miljøavtrykket frå dataindustrien og korleis IT-løysingar kan bidra til berekraftig utvikling i samfunnet. Vidare handlar det om korleis informasjonsteknologi gjennom heile livssyklusen påverkar miljøet.