Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 informasjonsteknologi inneber å bruke fagterminologi i møte med fagmiljø og å tilpasse uttrykksforma i rettleiing og opplæring etter kjennskapen samtalepartnaren har til faget. Det inneber å forstå problembeskrivingar, vurdere løysingar og kommunisere val til brukarar og fagmiljø.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 informasjonsteknologi inneber å skrive rettleiingar og utforme informasjon til bruk i ei verksemd. Det inneber å beskrive problem, løysingar eller system for ulike formål og tilpassa ulike mottakarar. Vidare inneber det å lage kode, skjema, tabellar og modellar etter kjende standardar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 informasjonsteknologi inneber å lese spesifikasjonar, kode, oppdragsbeskrivingar og rettleiingar for å utføre arbeid. Det inneber også å lese og forstå fagterminologi og å hente ut informasjon frå ulike skjema, tabellar og teikningar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 informasjonsteknologi inneber å kjenne att og beskrive ulike verdiar, storleikar og tekniske avgrensingar i systema ein arbeider med, og å kunne bruke desse i eige arbeid. Det inneber også å setje opp enkle budsjett for og kostnadsberekningar av utvikling og drift av tenester.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 informasjonsteknologi inneber å bruke digitale ressursar til å søkje etter og utveksle informasjon. Det inneber også å vurdere informasjonskvalitet, å velje og vurdere kjelder og å handtere opphavsrett og personvern. Vidare inneber det å velje og tilpasse verktøy som passar i ulike situasjonar.