Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 informasjonsteknologi handlar om å utvikle og drifte sikre og brukarvennlege IT-løysingar og å rettleie brukarane i å bruke slike løysingar. Programfaga skal bidra til at elevane får forståing av korleis informasjonsteknologi kan brukast og misbrukast, og korleis IT-løysingar kan vernast mot truslar og innsyn. Kompetanse på informasjonssikkerheit, lovverk og brukarbehov kan oppfylle behovet arbeidslivet og samfunnet har for sikre og brukarvennlege IT-løysingar.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 informasjonsteknologi skal bidra til å gi elevane forståing av informasjonsteknologien si rolle i samfunnet og kva for nokre etiske problemstillingar som kan oppstå som følgje av teknologisk utvikling i samfunnet. Programfaga skal leggje til rette for engasjement og skaparglede, stimulere til utforskartrong og bidra til at elevane får erfaring med å sjå moglegheiter og omsetje idear i handling. Gjennom arbeid med algoritmisk tenking, problemløysingsstrategiar og utviklingsprosessar legg programfaga til rette for at elevane utviklar kritisk tenking, kreativitet og sjølvstende i arbeidet sitt med faga.