Vg2 informasjonsteknologi (ITK02‑01)
Kjerneelement
Etikk, lovverk og yrkesutøving
Kjerneelementet etikk, lovverk og yrkesutøving handlar om å forstå kva rammer og regelverk som påverkar bruk av informasjonsteknologi og design av tenester i samfunnet og i eige arbeid. Vidare handlar det om etiske spørsmål og å vurdere korleis etikk påverkar utviklinga av informasjonsteknologi og tenester. Kjerneelementet handlar også om sjølvstende, relasjonsbygging og samhandling i yrkesutøvinga.
IT-støtte og kommunikasjon
Kjerneelementet IT-støtte og kommunikasjon handlar om å utøve service og brukarstøtte innanfor IT-system og IT-tenester. Vidare handlar det om å rettleie og lære opp brukarar og å samarbeide med leverandørar og kollegaer. Det handlar også om å bruke og lage dokumentasjon for system og arbeidsflyt på eit språk som er tilpassa ulike mottakarar, er tillitsskapande og bidreg til god informasjonsflyt.
Løysingsarkitektur og systemutvikling
Kjerneelementet løysingsarkitektur og systemutvikling handlar om oppbygginga av infrastruktur og korleis datakommunikasjon fungerer, for å forstå rammevilkåra til IT-løysingane som skal utviklast. Vidare handlar det om å vurdere kva krav IT-løysingane stiller til infrastrukturen løysingane skal køyrast på. Kjerneelementet handlar om å tileigne seg brukarinnsikt for å forstå bruken og arbeidsprosessane systemet skal støtte. Vidare handlar det om å tileigne seg ferdigheiter innanfor ulike utviklingsverktøy og programmeringsspråk.
Informasjonssikkerheit
Kjerneelementet informasjonssikkerheit handlar om kunnskap om og forståing av kva truslar løysingane som blir sette opp eller utvikla, må sikrast mot. Vidare handlar det om å gjere reflekterte val og å bruke praktiske ferdigheiter for å setje i verk relevante sikkerheitstiltak. Det handlar også om å ha innsikt i kvifor sikkerheit må byggjast inn i alle IT-løysingar og all ny programvare.
Utviklingsprosessar og kreativ problemløysing
Kjerneelementet utviklingsprosessar og kreativ problemløysing handlar om kunnskap om design- og utviklingsprosessar og korleis desse blir brukte for å utvikle IT-løysingar. Vidare handlar det om å bruke kompetanse i algoritmisk tenking til å løyse problem på ein systematisk og kreativ måte. Kjerneelementet handlar også om å teste sikkerheit og funksjonalitet i system. I tillegg handlar det om å bruke utviklingsprosessar til å forbetre systema gjennom å bruke ulike utviklingsverktøy og -miljø og eiga forståing av teknologi.