Læreplan i butikkslaktarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BUT3-01)
Utgått
Grunnleggende ferdigheter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I butikkslaktarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg i butikkslaktarfaget inneber å kommunisere med medarbeidarar, vareleverandørar og kundar. I tillegg inngår loggføring og dokumentasjon og det å gi og ta imot informasjon.
Å kunne lese i butikkslaktarfaget inneber å forstå kvalitetsstyringssystem, reseptar og rettleiingar som finst i bedrifta, halde seg orientert om nye trendar, lese menyar og følgje med i relevant faglitteratur og annan informasjon. Det inneber også å forstå relevant regelverk, bruke manualar og arbeidsplanar og ta imot bestillingar.
Å kunne rekne i butikkslaktarfaget inneber å vurdere innkjøp, varelager og sal, bruke erfaringstal, tolke og tilpasse mengder i reseptar og menyar, gjere kostnadsoverslag og kalkulere prisar.
Å kunne bruke digitale verktøy i butikkslaktarfaget inneber å innhente, handsame og lagre informasjon knytt til reseptar, menyar og omsetning, og å bruke digitale verktøy til fagleg utvikling og i kommunikasjon med kundar og leverandørar.
4 av 7