Læreplan i butikkslaktarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BUT3-01)
Utgått
Hovedområder
Råvarer og produksjon
Hovudområdet handlar om varemottak og oppbevaring av råvarer og ferdigvarer, stykking og tilskjering av kjøtt, produksjon av farsar og deigar, panne- og gryteferdige retter, ferdigmat og delikatesser. Det inngår også å justere reseptar og kalkulere produkt, i tillegg til personleg hygiene og næringsmiddelhygiene. Vidare inngår pakking og emballering før varene blir ekspederte.
Mat og meny
Hovudområdet handlar om det å setje saman og tilpasse menyar, rådgiving til kunden om kjøtt som råvare og bruk av kjøtt og kjøttprodukt. I tillegg omfattar hovudområdet bruk av ost, sjømat, frukt og grønt som høyrer med til rettene. Hovudområdet omfattar også utvikling av måltidsløysingar og catering som tek omsyn til både lokale tradisjonar og nye trendar.
Sal og kundebehandling
Hovudområdet handlar om samspelet med kunden for å sikre ei god matoppleving. Hovudområdet omfattar også eksponering og vareplassering for å skape seljande miljø, aktivitetar knytte til sesongar og kampanjar, prismerking og arbeid med plakatar.
Bransje, bedrift og miljø
Hovudområdet handlar om kva plass bedrifta har i samfunnet, og rammevilkår og forretningsidé for bransjen. Det omfattar også helse, miljø og tryggleik.
3 av 7