Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Visuelle kunstfag 1
Teikning og farge
- bruke ulike teiknereiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
- bruke ulike maleteknikkar på ulike underlag
- bruke proporsjonar i arbeid med portrett, naturformer og gjenstandar
- bruke komposisjonsprinsipp for å visualisere inntrykk, idear og bodskapar
- bruke farge, valør og perspektiv for å oppnå illusjon av rom
- bruke fagterminologi i vurdering av fargekontrastar
- bruke ulike reiskapar og teknikkar for å få fram tekstur, rom, lys og skugge
Form og materiale
- bruke utsnitt, forenkling og positive og negative flater i arbeid med dekor og mønsterkomposisjon
- bruke ornament og symbol i eige arbeid
- bruke harde, plastiske eller tekstile materiale i eige arbeid
- kombinere fargar, former og materiale til eit tilsikta uttrykk
- bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i skapande arbeid
Kunst og kultur
- presentere verk av sentrale biletkunstnarar i Noreg og andre land frå 1900-talet og fram til i dag
- gjere greie for særtrekk ved ulike epokar på 1900-talet og fram til i dag
- kjenne att formspråk, symbol og materialbruk i kunst, bilete og formuttrykk frå ulike kulturar i vår tid
- gje døme på biletkunst, dekor og symbol knytt til tradisjon, religion og politikk
- presentere særtrekk ved kunsten til urfolk og samanhengen mellom samisk kunst og religion og politisk utvikling i samfunnet
7 av 10