Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Struktur
Visuelle kunstfag består av tre programfag: visuelle kunstfag 1, visuelle kunstfag 2 og visuelle kunstfag 3. Visuelle kunstfag 2 byggjer på visuelle kunstfag 1. Visuelle kunstfag 3 byggjer på visuelle kunstfag 2. Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Fag | Hovudområde | ||
Visuelle kunstfag 1 | Teikning og farge | Form og materiale | Kunst og kultur |
Visuelle kunstfag 2 | Teikning og farge | Form og materiale | Kunst og kultur |
Visuelle kunstfag 3 | Teikning og farge | Form og materiale | Kunst og kultur |
2 av 10