Læreplan i visuelle kunstfag - felles programfag i studieførebuande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag (FOR1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Visuelle kunstfag 2
Teikning og farge
- bruke valør, farge og form i frihandsteikning og maling for å få fram ulike uttrykk
- bruke ulike teiknereiskapar i arbeid med kroki
- bruke anatomi, proporsjonar og fortkortingar i teikning av menneskekroppen
- forklare symbolverdien til fargar i ulike samanhengar
- komponere eigne uttrykk med utgangspunkt i sentrale komposisjonsprinsipp
- planleggje utforming av skulptur og installasjon
- bruke fotografi og informasjonsteknologi som utgangspunkt for registrering, idéskisser og biletnotat
Form og materiale
- bruke sentrale komposisjonsprinsipp og verkemiddel i arbeid med skulptur og installasjon
- bruke varierte materiale, reiskapar og teknikkar i arbeid med tredimensjonal form
- modellere skulptur i plastisk materiale
- stilisere og bearbeide organisk og geometrisk form
- organisere form og rom for å oppnå eit tilsikta uttrykk
Kunst og kultur
- gjere greie for hovudtrekk i vestleg kunst før 1600
- gjere greie for særtrekk og analysere verkemiddel i kunstverk før 1600
- gjere greie for ulike materiale, fargar og teknikkar som vart nytta i framstillinga av kunst før 1600
- analysere kunstuttrykk i lys av religion, filosofi, mytologi og historie
- forklare korleis oppdragsgjevarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600
8 av 10