Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 (HES2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Helsefremjande arbeid
Helsefremjande arbeid
- gjere greie for individuelle og miljømessige faktorar som kan påverke den psykiske og fysiske helsa
- drøfte samanhengar mellom helse, levevanar, fysisk aktivitet og kosthald
- forklare korleis fordøyingssystemet og immunforsvaret fungerer, og gi døme på psykiske og fysiske faktorar som kan påverke dei
- beskrive symptom og allmenntilstand ved infeksjonar, forgiftingar og allergiske reaksjonar og gi døme på aktuelle tiltak
- gjere greie for bruksområde og dei vanlegaste biverknadene for dei mest brukte reseptfrie legemidla
- forklare kvifor det er viktig å følgje den behandlinga som blir føreskriven
- gjere greie for kva god hygiene har å seie for å førebyggje sjukdom og hindre smitte, og demonstrere relevante hygienetiltak
- forklare hovudprinsippa for helse, miljø og tryggleik og gi døme på kva konsekvensar dei har i yrkesutøvinga
- forklare og vise samanhengar mellom ergonomi og helse
- diskutere korleis utforming av lokale og service kan påverke velværet til folk
7 av 10