Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 (HES2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandling
- gjere greie for ulike måtar å kommunisere på og diskutere kva som fremjar god kommunikasjon
- tilpasse kommunikasjon og samhandling til ulike pasientar og kundar i ulike livssituasjonar og med ulik kulturbakgrunn
- gi døme på kva respekt, toleranse og omsorg inneber for yrkesutøvinga
- forklare forskjellen på subjektiv og objektiv observasjon av pasientar og kundar, og drøfte kvifor det er viktig å gi korrekt tilbakemelding til samarbeidspartnarar
- gjere greie for den dokumentasjonsplikt helsepersonell har, og drøfte betydninga av korrekt dokumentasjon for pasient- og kundetryggleiken
- gjere greie for teikn og symptom på ulike psykiske reaksjonar hos pasientar og kundar, og demonstrere profesjonell framferd
- gjere greie for kva teieplikt og personvern inneber i helseserviceyrka
- gjere greie for informasjons- og rettleiingsrolla overfor kundar og pasientar
- drøfte ulike strategiar for konflikthandtering og vise dei i praksis
8 av 10