Programområde for helseservicefag - Læreplan i felles programfag Vg2 (HES2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Yrkesutøving
Yrkesutøving
- drøfte kva profesjonell yrkesutøving inneber for helseservicefaga
- drøfte kva god service og profesjonell kundebehandling inneber, og vise det i praksis
- drøfte kva ulike brukar- og kundegrupper forventar av god service
- utføre administrative arbeidsoppgåver som er felles for helseservicefaga, ved hjelp av digitale verktøy og andre kontortekniske hjelpemiddel
- gjere greie for aktuelle frivillige organisasjonar og den informasjon og bistand dei kan gi
- gi døme på utfordringar som helseservicefaga møter i yrkesutøvinga, og drøfte etiske dilemma
- drøfte kor viktig det er å følgje planar og rutinar på arbeidsplassen
- gjere greie for gjeldande regelverk for helsepersonell og gi døme på kva konsekvensar regelverket har for yrkesutøvinga
- gjere greie for aktuelle trygdereglar og refusjonsordningar for legemiddel og andre trygdeytingar
- forklare prinsippa for universell utforming
- utføre førstehjelp som er relevant for yrkesutøvinga
9 av 10