Læreplan i industritekstilfaget, garnframstilling Vg3 / opplæring i bedrift (IGS3-01)
Utgått
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industritekstilfaget, garnframstilling forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i industritekstilfaget, garnframstilling inneber å kommunisere om faglege løysingar med kollegaer, leverandørar og teknisk støttepersonell.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industritekstilfaget, garnframstilling inneber å utarbeide dokumentasjon, rapportere avvik og dokumentere forbetringsforslag.
Å kunne lese i industritekstilfaget, garnframstilling inneber å forstå og bruke fiber- og garnspesifikasjonar i datablad, vedlikehaldsmanualar og interne instruksar.
Å kunne rekne i industritekstilfaget, garnframstilling inneber å rekne ut garnnummer og snograd og å måle garnstyrke. Det inneber vidare å rekne ut utveksling og fart på ulike maskiner og å kalkulere materialforbruk.
Å kunne bruke digitale verktøy i industritekstilfaget, garnframstilling inneber å handtere styringspanelet for maskiner og måleverktøy.
4 av 7