Læreplan i industritekstilfaget, garnframstilling Vg3 / opplæring i bedrift (IGS3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Materiale og prosesskontroll
- ta imot, kontrollere og lagre fiber og garn i samsvar med instruksjonar
- identifisere og registrere avvik og setje i verk korrigerande tiltak i samsvar med instruksjonar
- velje prosessar i samsvar med dei tekniske eigenskapane til garnet og produksjonstekniske og miljømessige omsyn
- utføre analytiske testar og målingar og kontrollere kvaliteten på fiber og garn
- velje fiber og samansetjing i samsvar med spesifikasjonar for garnet
- bestemme dei ulike fysiske parametrane til garn og gjere greie for korleis dei påverkar kvaliteten
Garnframstilling
- bruke garnframstillingsmaskiner og utstyr i samsvar med instruksane
- utføre dagleg og systematisk førebyggjande vedlikehald og reinhald på maskiner og produksjonsutstyr
- gjennomføre produksjonskontrollar ved hjelp av testar og målingar
- setje i verk korrigerande og førebyggjande tiltak innanfor eige arbeidsområde i samsvar med instruksen
- stille om maskiner og styresystem etter instruksjon
- vurdere behov for teknisk assistanse ved vedlikehald
- innhente fagleg informasjon og gjere greie for utvikling og ny teknologi innanfor faget
Etterkontroll og rapportering
- vurdere og måle kvaliteten på ferdig garn i tråd med kvalitetsspesifikasjon
- bruke styringssystem for planlegging og logistikk
- planleggje produksjonen innanfor eigen arbeidsoperasjon
- bruke systema for kvalitet og for helse, miljø og tryggleik
- føreslå og gjennomføre tiltak som vil betre lønnsemda i prosessane
- utføre registreringar, rapporteringar og dokumentasjon
- handtere kjemikaliar i samsvar med datablad
- oppbevare og handtere reservedelar og utstyr i samsvar med instruksjonar
- dokumentere utførte førebyggjande og korrigerande tiltak
- drøfte faglege problemstillingar med kollegaer og andre faggrupper
6 av 7