Læreplan i industritekstilfaget, garnframstilling Vg3 / opplæring i bedrift (IGS3-01)
Utgått
Hovudområde
Materiale og prosesskontroll
Hovudområdet omfattar handtering og kontroll av råmateriale og bruk av hjelpemiddel under produksjonsførebuinga. Tekniske vurderingar og miljøvurderingar av produksjonsprosessane er ein del av hovudområdet. Val av garnkonstruksjon og eigenskapane til det ferdige produktet inngår også i hovudområdet.
Garnframstilling
Hovudområdet omfattar handtering av maskiner og varer i garnframstillingsprosessen. Sentralt i hovudområdet står produksjon og vedlikehald av maskiner og utstyr. Prosesskontroll, kvalitetsstyring av produksjonen og korrigerande og førebyggjande tiltak er ein del av hovudområdet.
Etterkontroll og rapportering
Hovudområdet omfattar testing og kontroll av garnet. Vidare dekkjer det bruk av kvalitets- og styringssystem i produksjonen. Hovudområdet omfattar også gjennomføring av lønnsemdsskapande tiltak, val av rasjonelle tekniske løysingar og logistikk.
3 av 7