Læreplan i kroppsøving (KRO1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter 10. årssteget
Idrett og dans
- vere med i eit breitt utval av idrettar
- utøve tekniske og taktiske ferdigheiter i utvalde lagidrettar, praktisere nokre individuelle idrettar og gjere greie for treningsprinsipp for desse idrettane
- symje på magen og på ryggen og dukke
- forklare og utføre livberging i vatn og livbergande førstehjelp
- danse dansar frå norsk kulturtradisjon og andre kulturar
- skape dans og delta i dansar som andre har laga
- utføre dansar frå ungdomskultur
- planleggje og leie idretts- og danseaktivitetar saman med medelevar
- vurdere erfaringar frå aktivitetar i idrett og dans
Friluftsliv
- praktisere ulike former for friluftsliv i ulike naturmiljø
- orientere seg ved hjelp av kart og kompass i variert terreng, og gjere greie for andre måtar som ein òg kan orientere seg på
- planleggje og gjennomføre turar til ulike årstider, medrekna overnatting ute
Aktivitet og livsstil
- nytte ulike treningsformer med utgangspunkt i kjende aktivitetar
- planleggje, gjennomføre og vurdere eigentrening over ein periode, og nytte digitale reiskapar i arbeidet
- gjere greie for samanhengar mellom ulike fysiske aktivitetar, livsstil og helse
8 av 12