Læreplan i kroppsøving (KRO1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter 4. årssteget
Aktivitet i ulike rørslemiljø
- bruke grunnleggjande rørsler i varierte miljø og i tilrettelagde aktivitetar
- vere med i aktivitetar som utfordrar heile sanseapparatet og koordinasjonen
- vere trygg i vatn og vere symjedyktig
- bruke småreiskapar og apparat
- bruke ball i leikar og nokre ballspel
- utforske og leike med ulike rytmar og uttrykkje dei med rørsler
- vere med i songleikar og enkle dansar frå ulike kulturar
- bruke ski og skøyter der det ligg til rette for det
- lage og bruke enkle kart til å orientere seg i nærområdet
- bruke enkle hjelpemiddel og bruksreiskapar for opphald i naturen
- samtale om reglar som gjeld for opphald i naturen, og kunne praktisere sporlaus ferdsel
- ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane
- vise evne til samhandling i ulike aktivitetar
- fortelje frå eigne opplevingar med ulike aktivitetar
- setje namn på kroppsdelar og rørslemåtar
- forklare kva personleg hygiene har å seie
- følgje trafikkreglar for fotgjengarar og syklistar
6 av 12