Læreplan i kroppsøving (KRO1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter 7. årssteget
Idrettsaktivitet og dans
- utføre varierte aktivitetar som byggjer opp kroppen på ulike måtar
- utføre basisferdigheiter i individuelle idrettsaktivitetar, med og utan bruk av apparat og småreiskapar
- bruke grunnleggjande teknikkar og enkel taktikk i nokre utvalde lagidrettar
- praktisere ski- og skøyteteknikkar der det ligg til rette for det
- utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn
- danse enkle dansar frå ulike kulturar
- lage enkle dansar og eksperimentere med rytmar og rørsler
- følgje reglar og prinsipp for samhandling og fair play
- praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel
Friluftsliv
- orientere seg ved hjelp av kart og kompass i kjent terreng
- beskrive lokale tradisjonar i friluftsliv
- planleggje og gjennomføre friluftsaktivitetar og praktisere trygg ferdsel under varierte vêrforhold
- planleggje og gjennomføre overnattingsturar, eventuelt ved hjelp av digitale verktøy
- utføre enkel førstehjelp
- praktisere nokre aktivitetar med røter i samisk tradisjon
7 av 12