Programområde for matfag - Læreplan i felles programfag Vg2 (MFG2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Råvarer, produksjon og kvalitet
Råvarer, produksjon og kvalitet
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere eige arbeid i samsvar med relevant regelverk og styringsdokument i matfag
- drøfte matfag si rolle i samband med kosthald, ernæring og levevanar og gjere greie for tiltak som kan betre folkehelsa
- praktisere personleg hygiene og produksjonshygiene i samsvar med gjeldande regelverk
- vurdere kvaliteten av råvarer, hjelpestoff og tilsetjingsstoff
- velje produksjonsmetode og råvarer i samsvar med resept og produktbeskriving
- lage lokale spesialitetar og andre produkt innan matfag
- vurdere og kontrollere kvaliteten under produksjonsprosessen og i ferdig vare
- gjere greie for dei endringane som skjer med råvarer under lagring og i produksjonsprosessane
- forklare korleis ulike råvarer og produksjonsprosessar påverkar næringsinnhaldet i produkta
- presentere og forklare ein produksjonsprosess
- klargjere ein maskin eller ei maskinlinje i samsvar med produksjonsbeskrivinga
- halde ved like og bruke handreiskapar, maskinar og utstyr på ein fagleg korrekt måte
- gjere greie for hovudprinsippa for automatiserte produksjonsprosessar
- bruke enkle måle-, styrings- og reguleringsteknikkar i produksjonsprosessen
- gjere greie for korleis ein kan unngå skadedyr og insekt i produksjonsutstyr, produksjonslokale og produkt
- bruke aktuelle konserveringsteknikkar
7 av 10