Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag (RMF1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Bransje, fag og miljø
Bransje, fag og miljø
- gjere greie for samanhengen mellom bransjane innanfor restaurant- og matfaga, deira rammevilkår og konkurranseforhold
- gjere greie for etiske problemstillingar som er relevante for restaurant- og matbransjane
- forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane
- drøfte og demonstrere kva det vil seie å yte service, og kvifor dette er viktig for yrkesutøvinga i restaurant- og matfaga
- bruke arbeidsteknikkar og arbeidsstillingar som er funksjonelle og førebyggjer belastningsskadar, og greie ut om samanhengen mellom ergonomi og helse
- praktisere grunnleggjande førstehjelp som er relevant i restaurant- og matbransjane
- handtere avfall på ein miljømessig forsvarleg måte
9 av 10