Læreplan i felles programfag i Vg1 restaurant- og matfag (RMF1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Råstoff og produksjon
Råstoff og produksjon
- gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde
- demonstrere rett behandling av råvarer, mat og drikke for å sikre så trygge produkt som mogleg
- vurdere kvaliteten på råvarer og produkt, og bruke denne kunnskapen i praktisk arbeid
- velje og vurdere råvarer og produksjonsmetodar ut frå etiske og berekraftige kriterium
- følgje og justere reseptar og rekne ut mengder og kostnader
- setje saman og lage til enkle produkt og måltid på ein kreativ og estetisk måte
- oppbevare og emballere mat i samsvar med gjeldande krav
- praktisere god produksjonshygiene, godt reinhald og personleg hygiene og gjere greie for kvifor dette er viktig for god produksjonsflyt
- gjere greie for kva næringsmiddelhygienen har å seie for produksjon og omsetjing av trygg mat
- bruke, reingjere og utføre dagleg vedlikehald av lokale, reiskapar og maskiner som blir nytta i opplæringa
- klargjere lokale og omsetje og servere mat og drikke i samsvar med metodar som gjeld for restaurant- og matbransjane
- utføre arbeidet i samsvar med kvalitetsstyringssystem som er etablerte på området
7 av 10