Læreplan i rettslære - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (RTL1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Rettslære 1
Metodelære
- gjere greie for hovudprinsippa i juridisk metode
- gjere greie for og skilje rettsreglar frå andre reglar i samfunnet
- identifisere rettsspørsmål og bruke prinsippa i juridisk metode til å løyse dei
- reflektere over dei etiske og historiske sidene ved rettsreglar
- lage digitale presentasjonar av rettslege emne
- innhente, vurdere og bruke rettskjelder på ein relevant måte som kan etterprøvast
Familierett
- bruke rettsreglar i samband med inngåing og oppløysing av ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
- bruke hovudreglane om råderett, underhaldsplikt og ansvar for gjeld i ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
- bruke hovudreglane om fordeling av verdiar og ting i buet i samband med oppløysing av ekteskap, registrert partnarskap og sambuarskap
- bruke reglane i verjemålslova og barnelova om rettar og plikter for barn og foreldre og gjere greie for dei viktigaste føresegnene i barnekonvensjonen
Arverett
- bruke hovudreglane om arv etter lova og etter testament og gjere greie for samisk rettsoppfatning i familie- og arverettslege spørsmål på dette området
- bruke hovudreglane for uskifte
- gjere greie for og drøfte den arverettslege stillinga til sambuarar
- gjere greie for skilnaden mellom privat og offentleg skifte
Arbeidsrett og likestilling
- gjere greie for dei viktigaste rettane og pliktene som arbeidstakaren og arbeidsgjevaren har
- løyse konfliktar i samband med tilsetjing, oppseiing og avskil
- bruke sentrale reglar i likestillingslova og diskrimineringslova og analysere deira innverknad på samfunnet
Strafferett
- drøfte årsaker til og konsekvensar av kriminalitet
- gjere greie for reaksjonssystemet og grunnleggjande reglar om lovheimel som følgjer av norsk rett og Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
- bruke reglane om allmenne vilkår for straff, medrekna reglane om forsøk og medverknad
- bruke reglane om tjuveri, underslag og nasking
- bruke reglane om lekamskrenking og drap
- drøfte regelen om miljøkriminalitet i § 152b i straffelova
- bruke reglane om promillekøyring og dei generelle straffeføresegnene i vegtrafikklova
Rettargangsordninga
- gjere greie for domstolsordninga, den uavhengige stillinga til domstolane og rolla til Konfliktrådet
- gjere greie for gangen i ei sivil sak og ei straffesak
- gjere greie for reglane om rettferdig rettargang som følgjer av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
- gjere greie for dei viktigaste nasjonale og internasjonale domstolane
7 av 9