Læreplan i rettslære - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (RTL1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Rettslære 2
Metodelære
- gjere greie for hovudprinsippa i juridisk metode
- gjere greie for og skilje rettsreglar frå andre reglar i samfunnet
- identifisere rettsspørsmål og bruke prinsippa i juridisk metode til å løyse dei
- reflektere over dei etiske og historiske sidene ved rettsreglar
- lage digitale presentasjonar av rettslege emne
- innhente, vurdere og bruke rettskjelder på ein relevant måte som kan etterprøvast
Erstatningsrett
- forklare innhaldet i dei fire grunnleggjande vilkåra for å få erstatning og vurdere om vilkåra er oppfylte
- bruke reglane om det subjektive ansvaret og det ulovfeste objektive ansvaret
- bruke reglane om ansvaret som barn og foreldre har
- bruke reglane om arbeidsgjevaransvar
- forklare innhaldet i bilansvaret og produktansvaret
- presentere prinsippa for erstatningsutmålinga og forklare kva som kan føre til at erstatninga blir redusert eller fell heilt bort
Menneskerettar
- forklare kva som ligg i omgrepet menneskerettar
- gjere greie for reglane om trusfridom og ytringsfridom som følgjer av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK)
- gjere greie for rettigheitar for urfolk etter konvensjon om sivile og politiske rettigheitar art. 1 og 27 og etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar
- gjere greie for grunnleggjande prinsipp for innsamling, lagring og behandling av personopplysningar
- vurdere personverninteresser opp mot andre omsyn
Avtalerett
- bruke dei grunnleggjande prinsippa i avtaleretten
- bruke reglane om inngåing av avtalar, fullmakt og ugildskap
- bruke prinsipp for tolking og utfylling av avtalar
Kjøpsrett og forbrukarrett
- gjere greie for plikter som seljar og kjøpar har i forbrukarkjøp og private kjøp
- vurdere om kjøpar eller seljar får medhald i krava sine ved kontraktbrot
- bruke reglane i angrerettslova
- gjere greie for saksgangen i forbrukartvistar
- vurdere problemstillingar i samband med reglane i marknadsføringslova om forbrukarvern og likestilling, og gjere greie for korleis lova blir handheva
Forvaltingsrett
- gjere greie for kva eit forvaltingsorgan er, og kunne forklare kva eit forvaltingsvedtak er
- bruke reglane i forvaltingslova om gildskap og reglane om saksbehandling i samband med einskildvedtak
- gjere greie for hovudprinsippa for at domstolane kan prøve eit forvaltingsvedtak
- gjere greie for dei rettane publikum har etter offentleglova
- bruke dei generelle føresegnene om forureining i forureiningslova, reglane i miljøinformasjonslova og reglane om allemannsretten i friluftslova
8 av 9