Læreplan i rettslære - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (RTL1-03)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Struktur
Rettslære består av to programfag: rettslære 1 og rettslære 2. Faga er bygde opp slik at dei kan veljast uavhengig av kvarandre. Metodelære står difor som hovudområde i begge programfaga og har same innhald.
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Oversikt over hovudområde:
Programfag | Hovudområde | |||||
Rettslære 1 | Metodelære | Familierett | Arverett | Arbeidsrett og likestilling | Strafferett | Rettargangsordninga |
Rettslære 2 | Metodelære | Erstatningsrett | Menneskerettar | Avtalerett | Kjøpsrett og forbrukarrett | Forvaltingsrett |
2 av 9