Læreplan i samfunnsfag (SAF1-01)
Utgått
Hovudområde
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Samfunnsfag er eit gjennomgåande fag i grunnopplæringa. I grunnskulen omfattar det hovudområda samfunnskunnskap, geografi og historie. Geografi og historie blir førte vidare som fellesfag i dei studieførebuande utdanningsprogramma.
Samfunnsfaget i vidaregåande opplæring omfattar hovudområda individ og samfunn, arbeids- og næringsliv, politikk og demokrati, kultur, og internasjonale forhold. Samfunnskunnskap og økonomi blir integrerte i kvart hovudområde.
I grunnskulen har samfunnsfag har kompetansemål etter 4., 7. og 10. årssteget.
I vidaregåande opplæring har samfunnsfag kompetansemål etter Vg1 i programområda for samfunnsfag og økonomi, realfag og språkfag i studiespesialiserande utdanningsprogram.
I programområdet for formgivingsfag har samfunnfag kompetansemål etter Vg2,
I yrkesfaglege utdanningsprogram og i utdanningsprogram for idrettsfag og musikk, dans og drama har samfunnsfag kompetansemål etter eller Vg2
Oversikt over hovudområde:
Årssteg | Hovudområde | ||||
1.–10. | Historie | Geografi | Samfunnskunnskap | ||
Vg1/Vg2 | Individ og samfunn | Arbeids- og næringsliv | Politikk og demokrati | Kultur | Internasjonale forhold |
Historie
Hovudområdet dreier seg om undersøking og drøfting av korleis menneske og samfunn har forandra seg gjennom tidene. Historie omfattar korleis menneske skaper bilete av og formar si eiga forståing av fortida. Å utvikle historisk oversyn og innsikt og å øve opp ferdigheiter for kvardagsliv og deltaking i samfunnet er sentrale element i hovudområdet.
Geografi
Hovudområdet omfattar stad- og romdimensjonen i samfunnet. Hovudområdet gjev oversikt over lokalisering og utbreiing av naturlege og menneskeskapte forhold på jorda. Kartlegging og diskusjon av endringsprosessar står sentralt. Geografi handlar òg om å gjere greie for og forklare likskapar og skilnader mellom land og by, mellom nasjonar og mellom regionar.
Samfunnskunnskap
Hovudområdet omfattar emna sosialisering, politikk, økonomi og kultur og handlar om samkjensle og motsetnader mellom menneske i eit samtidsperspektiv. Samspelet mellom kulturelle normer og samfunnsstyring på den eine sida og individuelle handlingar og val på den andre er sentralt i hovudområdet. Verdien av medborgarskap og utvikling av demokratiske ferdigheiter er viktige dimensjonar i samfunnskunnskap.
Individ og samfunn
Hovudområdet omfattar sosialisering, personleg økonomi, samlivsformer og kriminalitet. Det handlar også om kven og kva som påverkar ungdom i dag.
Arbeids- og næringsliv
Hovudområdet handlar om næringar, bedrifter, etablering, yrkesval og arbeidsløyse. Det dreier seg og om organisasjonane i arbeidslivet og lønnsdanning. Hovudområdet handlar også om arbeidslivet i dag og dei prinsipp og verdiar det byggjer på.
Politikk og demokrati
Hovudområdet omfattar det politiske systemet på alle nivå og velferdsstaten. Det handlar om dei politiske partia og kva som kan truge demokratiet. I dette hovudområdet blir det òg lagt vekt på samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar.
Kultur
Hovudområdet omfattar fleirkulturelle samfunn og religionen si rolle i kulturen. Det handlar om urfolk, etniske og nasjonale minoritetar og korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast.
Internasjonale forhold
Hovudområdet omfattar internasjonalt samarbeid, terrorisme, konfliktar, konfliktløysing og fredsarbeid. Det handlar òg om globalisering, fordeling av ressursar og berekraftig utvikling. Hovudområdet dreier seg òg om Noreg si rolle som internasjonal aktør.
2 av 10