Læreplan i samfunnsfag (SAF1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter 4. årssteget
Historie
- bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
- presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verktøy
- skape forteljingar om menneske i fortida og snakke om skilnader og likskapar før og no
- utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida
- fortelje om sin eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan, og om korleis levevis og levekår har endra seg
- kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
- gje att mytar, segner og eventyr med historisk innhald
- beskrive korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar, ved å fantasere rundt dei første menneska som kom til landet vårt etter istida
- fortelje om samane, urfolket i Noreg, og om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane fram til vikingtida
- fortelje om korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden og beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen
- forklare kvifor ein feirar 17. mai og 6. februar og fortelje om nasjonaldagane til andre land
Geografi
- setje namn på og plassere heimstaden, heimkommunen, heimfylket og landet sitt på teikningar, kartskisser eller modellar
- beskrive landskapsformer og geografiske nemningar ved å utforske landskapet nær skulen og heimen
- bruke bilete, film og andre kjelder for å fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg
- samle opplysningar frå globus, kart og digitale kjelder og bruke dei til å samtale om stader, folk og språk
- peike ut verdshav og verdsdelar og bruke sentrale geografiske omgrep
- peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader
- samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land
- planleggje og presentere reiser til nære stader ved hjelp av kart og Internett
Samfunnskunnskap
- gjere samfunnsfaglege undersøkingar som krev teljing og rekning, og presentere resultata av undersøkingane
- finne fram i trykte og digitale medium, sortere innhaldet i kategoriar og produsere materiale som kan publiserast
- følgje enkle reglar for personvern når ein bruker Internett
- samtale om oppgåvene til familien og om variasjonar i familieformer, inkludert åleineforsørgjarfamiliar, storfamiliar, familiar der dei føresette har same kjønn, og familiar med fleire sett føresette
- gje døme på ulike forventningar til gutar og jenter og drøfte korleis forventningane kan opplevast
- beskrive pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk
- lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske og samtale om konsekvensar ved å bryte normene
- utforme og praktisere reglar for samspel med andre og vere med og ta demokratiske avgjersler i skulesamfunnet
- samtale om toleranse og om korleis møte mellom ulike kulturar kan vere både gjevande og konfliktfylte
- drøfte oppfatningar av rettferd
6 av 10