Læreplan i samfunnsfag (SAF1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter 7. årssteget
Historie
- bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline
- presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader
- skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i
- utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar
- fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
- fortelje om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane frå vikingtida til slutten av dansketida, og om forholdet deira til statane på Nordkalotten i denne perioden
- gjere greie for kva for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved historia og levekåra til minoritetane
- lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy
- undersøkje greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eigen kultur
- gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
- bruke historiske kart og framstille oppdagingsreiser som europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dei ulike kulturane opplevde møtet
Geografi
- lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar
- registrere og ordne spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet
- forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
- samanlikne og påvise likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar
- fortelje om regnskog, grasslette, ørken og andre landskapstypar og forklare korleis menneske gjer seg nytte av dei
- forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast
- forklare korleis vi i Noreg bruker ressursar frå andre stader i verda
- registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning
- planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy
Samfunnskunnskap
- velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder
- forklare korleis informasjon frå massemedium og kommersiell påverknad kan verke inn på forbruksvanar
- samtale om variasjon i seksuell orientering i tilknyting til kjærleik, samliv og familie
- beskrive roller i sin eigen kvardag og undersøkje kva forventningar som knyter seg til desse rollene
- drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
- gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
- forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg
- samtale om kva vi meiner med identitet og kultur, kjenne att kulturelle symbol og lage ein visuell presentasjon av dei
- gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag
- gjere greie for ein aktuell konflikt og drøfte framlegg til løysing
- gje døme på korleis Noreg er med i internasjonalt samarbeid gjennom FN og andre organisasjonar, også internasjonalt urfolkssamarbeid
7 av 10