Læreplan i samfunnsfag (SAF1-03)
Kompetansemål etter 4. årssteget
Utforskaren
- formulere spørsmål om samfunnsfaglege tema, reflektere og delta i fagsamtalar om dei
- finne og presentere informasjon om samfunnsfaglege tema frå tilrettelagde kjelder, også digitale, og vurdere om informasjonen er nyttig og påliteleg
- bruke grunnleggjande nettvett i digital samhandling og ha kunnskap om reglar for personvern i digitale medium
- bruke metodar for oppteljing og klassifisering i enkle samfunnsfaglege undersøkingar og presentere enkle uttrykk for mengd og storleik i diagram og tabellar
- skrive enkle tekstar om samfunnsfaglege tema og bruke grunnleggjande fagomgrep
- skape og illustrere forteljingar om menneske som lever under ulike vilkår, og samanlikne levekår
- gje døme på korleis menneske meiner ulikt, at møte mellom ulike menneske kan vere både gjevande og konfliktfylte, og samtale om empati og menneskeverd
Historie
- bruke omgrepa fortid, notid og framtid om seg sjølv og familien sin
- samtale om korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar og fantasere om dei første menneska som kom til landet etter istida
- beskrive sentrale trekk ved samisk kultur og levemåte fram til kristninga av samane
- beskrive hovudtrekk ved bronsealderen og jernalderen og gjere greie for korleis jordbruket forandra levemåten i Noreg og Norden
- samtale om kvifor og korleis ein feirar 17. mai og 6. februar, og fortelje om nasjonaldagane i nokre andre land
- finne informasjon om og presentere eigen familie for ein til to menneskealdrar sidan og fortelje om korleis levevis, levekår og kjønnsroller har endra seg
- kjenne att historiske spor i eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke
Geografi
- plassere heimstaden, heimkommunen og heimfylket på kart
- setje namn på og plassere landa i Norden, verdshava og verdsdelane og finne geografiske nemningar på kart
- beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim
- fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land
- samtale om stader, folk og språk og planleggje og presentere ei reise
- peike ut og orientere seg etter himmelretningar og gjere greie for kvifor det er tidsskilnader
- samanlikne liv og virke i Noreg og i nokre andre land
Samfunnskunnskap
- samtale om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i familien
- gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i kvardagen, og samtale om korleis forventningane kan opplevast
- undersøkje pengebruken til jenter og gutar og samtale om forhold som påverkar forbruk
- samtale om tema knytte til seksualitet, grensesetjing, vald og respekt
- lage ei oversikt over normer som regulerer forholdet mellom menneske, og forklare konsekvensar ved å bryte normene
- utforme og praktisere reglar for samspel med andre og delta i demokratiske avgjersler i skolesamfunnet
- drøfte oppfatningar av rettferd og likeverd
6 av 10