Læreplan i samfunnsfag (SAF1-03)
Kompetansemål etter 7. årssteget
Utforskaren
- formulere eit samfunnsfagleg spørsmål, foreslå moglege forklaringar og belyse spørsmålet gjennom ei undersøking
- diskutere samfunnsfaglege tema med respekt for andre sitt syn, bruke relevante fagomgrep og skilje mellom meiningar og fakta
- lese tekstar om menneske som lever under ulike vilkår, og drøfte kvifor dei tenkjer, handlar og opplever hendingar ulikt
- plassere ei hendingsrekkje i historie og samtid på tidsline og kart
- gjennomføre og presentere undersøkingar som krev teljing og rekning, ved å bruke informasjon frå tabellar og diagram
- finne og trekkje ut samfunnsfagleg informasjon ved søk i digitale kjelder, vurdere funna og følgje reglar for nettvett og nettetikk
- bruke digitale verktøy til å presentere samfunnsfagleg arbeid og følgje reglar for personvern og opphavsrett
- skrive samfunnsfagleg tekst ved å bruke relevante fagomgrep og fleire kjelder
Historie
- fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden
- gjere greie for korleis dei nordiske statane og Russland trekte grensene på Nordkalotten mellom seg fram til første halvdelen av 1800-talet, og korleis dette påverka kulturen og levekåra til samane og forholdet samane hadde til statane
- gjere greie for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved rettane, historia og levekåra til dei nasjonale minoritetane
- beskrive utviklinga i levekåra for kvinner og menn og framveksten av likestilling i Noreg
- plassere tidlege elvekulturar på kart og tidsline og presentere sentrale trekk ved dei
- finne informasjon om greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eiga tid
- gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga
- framstille oppdagingsreiser europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dette kunne opplevast
Geografi
- bruke atlas, hente ut informasjon frå papirbaserte temakart og digitale karttenester og plassere nabokommunane, fylka i Noreg, dei tradisjonelle samiske områda og dei største landa i verda på kart
- registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet
- forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis
- samanlikne likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar
- gjere greie for klima- og vegetasjonssoner i verda og korleis menneske gjer seg nytte av dei
- beskrive korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast
- beskrive korleis Noreg brukar ressursar frå andre stader i verda
- registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning
Samfunnskunnskap
- gje døme på og diskutere korleis kommersiell påverknad frå ulike medium kan verke inn på forbruksvanar og personleg økonomi
- samtale om kjærleik og respekt, variasjon i seksuell orientering og samliv og familie og diskutere konsekvensar av manglande respekt for ulikskap
- beskrive roller i eigen kvardag og undersøkje og samtale om forventningar som knyter seg til desse rollene
- gje døme på korleis kjønnsroller og seksualitet blir framstilt i ulike medium og diskutere dei ulike forventningane det kan skape
- drøfte spørsmål omkring og konsekvensar av bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel
- gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn
- gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg og deira hovudoppgåver og diskutere skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati
- gjere greie for kva eit politisk parti er, og diskutere nokre sentrale motsetnader mellom dei politiske partia i Noreg
- gjere greie for kva for moglegheiter, plikter og rettar barn og unge har til medverknad
- gje døme på ulike kulturelle symbol og gjere greie for kva vi meiner med omgrepa identitet og kultur
- gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag
- presentere ein aktuell samfunnskonflikt og drøfte forslag til løysing
- diskutere formålet med FN og anna internasjonalt samarbeid, også urfolkssamarbeid, og gje døme på den rolla Noreg har i samarbeidet
7 av 10