Læreplan i samfunnsfag (SAF1-03)
Kompetansemål etter Vg1/ Vg2
Utforskaren
- formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar
- utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep
- bruke varierte digitale søkjestrategiar for å finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene
- bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling
- drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg
Individ, samfunn og kultur
- definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje og diskutere trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg
- gjere greie for rettane ein har som forbrukar, og diskutere forbrukarens etiske ansvar
- rekne ut inntekter, setje opp budsjett for eit hushald og vurdere korleis livssituasjon, sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi
- analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettsstaten fungerer
- definere omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
- beskrive trekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
- diskutere korleis religiøs, etnisk og kulturell variasjon skaper moglegheiter og utfordringar
- drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår og kva tiltak som kan motverke dette
Arbeids- og næringsliv
- finne informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
- reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
- gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar ho kan reduserast på
- diskutere etiske problemstillingar i arbeidslivet
- gjere greie for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane og deira plass i arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønns- og arbeidsvilkår
- vurdere moglegheiter for og utfordringar ved å etablere ei bedrift og trekkje ut hovudlinene i ein resultat- og balanserekneskap
- drøfte verdien av likestilling og konsekvensar av ein kjønnsdelt arbeidsmarknad
Politikk og demokrati
- utforske og diskutere korleis ein kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom å bruke ulike kanalar for påverknad
- gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet, mellom anna representasjon frå urfolk og minoritetar
- diskutere korleis makt og innverknad kan variere på grunnlag av etnisitet og sosioøkonomiske forhold
- diskutere samanhengar mellom styreform, rettsstat og menneskerettar
- gjere greie for styreforma og dei viktigaste politiske styringsorgana i Noreg, både norske og samiske, og drøfte fleirtalsdemokratiet
- analysere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg
- gjere greie for sentrale kjenneteikn ved den økonomiske politikken i Noreg
- diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor
- diskutere omgrepa økonomisk vekst, levestandard, livskvalitet og berekraftig utvikling og forholdet mellom dei
Internasjonale forhold
- definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
- definere omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
- gjere greie for EUs mål og styringsorgan og diskutere Noregs forhold til EU
- finne døme på ulike typar konfliktar og menneskerettsbrot og drøfte kva FN og andre internasjonale aktørar kan gjere
- gjere greie for ulike forklaringar på kvifor det finst fattige og rike land, og diskutere tiltak for å redusere fattigdommen i verda
- diskutere kjenneteikn på og årsaker til terrorisme
9 av 10