Vg3 aktivitørfaget (AKT03‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- vurdere og bruke informasjon om funksjonsevna, behova, interessene og bakgrunn til brukarane i aktiviseringsarbeidet
- setje mål for, planleggje, gjennomføre og vurdere aktiviseringsprosessar ut frå funksjonsnivået til den enkelte brukaren og måla til verksemda
- samtale med og lytte til brukarar og pårørande
- motivere og rettleie brukarar og pårørande i gjennomføring av aktivitetar
- koordinere og leie ulike aktivitetar for enkeltbrukarar og for grupper av brukarar
- planleggje nye aktivitetar ut frå dokumenterte funksjonsendringar hos ein brukar
- bruke digitale ressursar i aktiviseringsprosessen
- følgje reglar for personvern og vise digital dømmekraft
- velje materiale, verktøy og teknikkar til ulike aktivitetar som varetek miljøet
- vurdere korleis forbruk og aktivitetar kan påverke miljøet
- administrere og dokumentere aktiviseringsarbeid i samsvar med måla til verksemda
- setje opp budsjett og rekne ut materialforbruk og pris på aktivitetar og produkt
- kommunisere og samhandle på tvers av tenestene for å oppnå heilskap og samanheng i tilbodet og gjere bruk av annan kompetanse når det er nødvendig
- leie, koordinere og leggje til rette for frivillig arbeid
- utføre arbeidet i tråd med etiske retningslinjer og vurdere eige arbeid
- utføre førstehjelp og følgje rutinar for varsling
- arbeide i samsvar med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit og delta i arbeid med internkontroll og kvalitetssikring
- vurdere kva verknad aktivitetar har på den fysiske og mentale helsa til brukarane og dokumentere endringar på bakgrunn av gjennomførte aktivitetar
- følgje gjeldande regelverk for aktivitørfaget
- gjennomføre tiltak som sikrar god hygiene og hindrar smitte
- samarbeide med frivillige og bruke ulike kulturtilbod i aktiviseringsarbeidet
- halde orden på arbeidsplassen og gjere enkelt vedlikehald av utstyr og maskiner
- følgje opp eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 aktivitørfaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 aktivitørfaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.