Vg3 aktivitørfaget (AKT03‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 aktivitørfaget handlar om å utvikle yrkesutøvarar som kan dekkje det behovet samfunnet har for aktivitetstilbod som medverkar til meistring og innhald i livet for ulike brukarar. Faget skal bidra til at yrkesutøvarane kan planleggje og leie eigna og målretta aktivitetar som held ved like eller betrar funksjonane til brukarane og gir dei opplevingar av meistring, trivsel og glede. Vidare skal faget bidra til at yrkesutøvarane kan ta ansvar for utstyr og ergonomi, økonomiforvaltning og administrative oppgåver. Faget skal òg bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige aktivitørar som kan tilpasse seg framtidige behov for kompetanse i arbeidslivet.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 aktivitørfaget skal bidra til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet. Vidare skal faget bidra til å motivere og leggje til rette for at menneske som har aktivitetsvanskar kan vere aktive, åleine eller saman med andre. Faget skal òg stimulere til eigenaktivitet, læring og utvikling og skape forståing for kor viktig dette er for menneskeverdet.